Heim
Frekvensar
Om kystradioen
Kontakt oss
Lenkjer
Gåve til Kystradioen

P7_logo 87 x 70.jpg - 16.67 KB

P7 Kristen Riksradio

FREKVENSAR: 88.6 MHZ - 100.3 MHZ - 103.3 MHZ - 107.5 MHZ


Om kystradioen
Tuesday 18. December 2007

Historikk
Kystradioen hadde si første sending 27. mai 1984.  Stasjonen hadde ein halv time lang sending ein gong i veka.  Seinare utvikla stasjonen seg utvikla til å bli den største radioen på Kanal 2 i Bergen med 42 timar sedning i veka og ei bemanning på 4,5 årsverk.  Geir Magnus Nyborg var den første redaktøren i Kystradioen.  Frem til 14. juni 2009 har Vigleik Brekke vært redaktør. Kystradioen byggjer på dei kristne grunnverdiane og ønskjer at programma skal bera preg av dette.  Programma skal ha ein allmenn profil med eit breidt programtilbod.  Programma har gjennom 25 år romma både lokalnytt, forkynning, reportasje, musikkprogram, gjester og konkurransar. Kystradioen sine nyheits- og aktueltsendingar var eit varemerke.  Kystradioen prioriterte mellom anna lokalpolitikken i Bergen og nabokommunane. 

Etter 14. juni 2009
14. juni 2009 markerte dessverre eit skilje for Kystradioen. Dette var siste dag for Kystradioen som produsent av daglege lokale nyheiter. Staben er no redusert til ei halv stilling, og ein sender ein time kvar dag mondag til fredag, i tillegg til sending søndag formiddag. Bakgrunnen for omlegginga var at Kystradioen ikkje fekk fornye sin konsesjon for drift av lokalradio etter 31.12.2009. Det var difor ikkje økonomisk forsvarleg å halde fram med full produksjon ut preioden. P7 Kristen Riksradio gjekk inn som ny eigar, og syter for ei redusert drift fram til nyttår. Det vert fremdeles jobba for å sikre eit radiotilbod på dagtid også etter nyttår. Men det er førebels uklart om dette let seg gjere, og kva form eller omfang det i så fall vil få.

Sist oppdatert ( Monday 10. August 2009 )
 

SENDESKJEMA

Mandag-fredag: 
18.00 - 19.00 og
21.00 - 22.00
Kystradioen
Vindu mot livet kl 21.30
 ------------------------
Søndag
10.00 - 11.00
Søndagsmagasin
------------------------
11.00 - 12:30
Møteopptak/-overføring
 ------------------------
12.30 - 14.00
Søndagsmagasin og musikk
Vindu mot livet kl 13.00

Publisert av web-master med Joomla! - Loginn